Videoar av familiegjenforeiningar har florert på sosiale medium etter at regimet i Syria fall for snart to veker sidan.
Tusenvis av fangar har fått sjå dagslys for første gong på mange år, lauslatne frå Assads torturkammer.
12. desember publiserte CNN ei liknande historie.
Sjåarane får henge på når korrespondent Clarissa Ward går inn i eit hemmeleg syrisk fengsel i hovudstaden Damaskus.
Ved usannsynleg god helse
Fengselet er tilsynelatande tomt, og CNN blir vist rundt av opprørssoldatar. Så finn dei ei låst celle, og må skyte med gevær for å opne ho.
Der ligg ein mann urørleg under eit pledd. Han identifiserer seg som Abdel Gharbal, seier at han er sivil og at han har blei arrestert for tre månader sidan.
På sosiale medium stussa folk over videoen. Det same gjorde syriske faktasjekkarar.
Den syriske, uavhengige faktasjekkaren Verify-Sy blei oppretta i Syria 2016 og er i dag registrert i Tyrkia og Noreg. Organisasjonen har til saman 24 tilsette.
Dei reagerte på fleire ting i videoen.
- I motsetning til andre fangar som har blitt lauslatne, ser denne mannen ut til å vere ved god helse.
- Han er den einaste attverande fangen.
- Mannen hevdar at han ikkje har sett dagslys på tre månader. Men når han kjem ut av fengselet, ser han rett opp mot himmelen utan å blinke.
Fange eller torturist?
Ifølge Verify-Sy heiter mannen Salma Mohammad Salama, men går under namnet Abu Hamza. Han skal komme frå byen Homs i Syria.
Faktasjekkaren har snakka med lokale innbyggarar i byen, som fortel at mannen var involvert under militæroperasjonar under Assad i 2014.
Han skal vere berykta for å ha torturert menn som ikkje vil betale bestikkingar, og ha vore ansvarleg for fleire kontrollpunkt i byen.
Ifølge innbyggarar blei mannen arrestert for om lag ein månad sidan etter ein pengekonflikt med ein offiser.
HTS, som kontrollerer Syria i dag, har sagt at dei kjem til å straffe Assads torturistar.
Blei levert til slektningar
CNN skriv at også dei har fått tilgang til eit bilete som tyder på at mannen har vore ein offiser under Assad, og stadfester til The Huffington Post at dei blei lurt.
Nyheitsbyrået har snakka med lokale innbyggarar, som fortel det same som Verify-Sys kjelder.
På slutten av CNNs video blir mannen køyrt vekk av ambulansearbeidarar.
Syrisk Raude Halvmåne la ut eit bilete av mannen på sosiale medium 13. desember, og skreiv at dei køyrde han til slektningar.
Det er uvisst kvar han er no.
Publisert 18.12.2024, kl. 09.02 Oppdatert 18.12.2024, kl. 10.40