Brann i einebustad i Bergen

1 month ago 20



26. juli 2024 kl. 12:22

Det er meldt om eksplosjonsarta brann i ein bustad i Loddefjord i Bergen. Vest politidistrikt opplyser at det kan ha tatt fyr i ei bensinkanne. Ein person har komme seg ut av bustaden og får helsehjelp på staden.

Det var først uklart om det er fleire heime, men brannvesenet opplyser til NRK at huset skal vere tomt.

Det er observert opne flammar frå einebustaden.

110-sentralen opplyser at det brenn i kjellaren.

Read Entire Article