Blir hylla i USA – takkar lagkamerat som tissa i badekaret

1 month ago 12



– Ein av lagkameratane mine bestemte seg for å tisse i badekaret. Det enda med at han fekk ei straff. Trenaren min bestemte seg derfor for at eg måtte steppe inn i hans posisjon, som var back.

Det fortel Solberg til NRK om hendinga som gjorde at angrepsspelaren enda opp som forsvarsspelar.

Nå er han eit av dei største talenta i verda i posisjonen.

I juni blei Solberg, saman med bestevennen Michael Brandsegg-Nygård (18), dei første nordmennene til å bli valde i første runde i NHL-draften.

Stian Solberg og Michael Brandsegg-Nygård i Las Vegas

HISTORISKE: Stian Solberg (t.v.) og Michael Brandsegg-Nygård blei historiske under NHL-draften.

Foto: Christian Solberg

– Må nesten takke han som tissa

Solberg var 14 år gammal på ei turnering i Sverige da lagkompisen valde å urinere i badekaret på hotellrommet.

Tidlegare assistenttrenar i Vålerenga, Sven-Arild Olsen, var trenar for Solberg da hendinga fann stad. Han valde å sette Solberg på back-plassen i neste kamp.

– Eg hadde ei kjensle om at Solberg ville passe bra inn i den posisjonen, og der trefte vi jo godt, seier Olsen til NRK.

Etter å ha prøvd seg som back kjente Solberg at han meistra back-plassen godt, og ønskte å få meir speletid i den posisjonen.

Stian Solberg ble lørdag valgt i NHL-draftet.

NHL-KLAR: Stian Solberg har blitt drafta til den nordamerikanske ligaen NHL av klubben Anaheim Mighty Ducks.

Foto: Steve Marcus / AP / NTB

Om han hadde blitt i angrepsposisjonen dersom tisse-hendinga aldri hadde skjedd, er vanskeleg å svare på for Solberg. Han er derimot sikker på at hendinga var ein viktig faktor for at det blei sånn.

– Eg må nesten takke han som tissa i badekaret og trenaren for at eg blei back.

Solberg delte òg historia om hendinga i badekaret med amerikanske medium under Scouting Combine tidlegare i sommar.

Det blei godt tatt imot, med fleire reaksjonar på sosiale medium.

– Dette er noko nytt, skriv Steven Ellis, som er journalist for den amerikanske NHL-avisa Daily Faceoff på X.

Blir rosa av journalistar og speidarar

Rundt 5000 fans møtte opp da Solberg blei presentert som Anaheim Mighty Ducks-spelar i slutten av juni.

6. juli skreiv han kontrakt med klubben, som gjør at ingen andre NHL-lag kan snappe han opp dei neste åra

Nå blir han rosa av fleire journalistar og speidarar som følger treningane.

– Stian Solberg med litt oppskriftsmessig forsvarsspel, skreiv journalisten Patrick Present i The Hockey News på X, med eit vedlagt videoklipp frå ei treningsøkt.

Stian Solberg

VARM I TRØYA: Stian Solberg (til høgre) har allereie rokke å vise seg fram. Her frå baseballkamp med Anaheim Angles. 

Foto: Christian Solberg

Derek Neumeier er ein av sjefspeidarane i talentbyrået McKeen's Hockey, som finn og analyserer dei største hockeytalenta i verda. Han meiner Solberg allereie er nære eit NHL-nivå.

– Han jobbar hardt, har disiplin, og har mange vanar som er viktige i NHL, seier Neumeier til NRK.

Ellis frå Daily Faceoff skriv at Solberg er ein av dei mest fysiske spelarane frå 2024-draften, og meiner at det var ein siger for Anaheim Mighty Ducks å velje nordmannen.

Solberg signerte for den svenske ishockeyklubben Färjestad etter å ha komme heilt til finalen i sluttspelet med Vålerenga i 23/24-sesongen.

Neumeier meiner signeringa er eit rett steg opp for Solberg før nordamerikansk nivå ventar han.

– Det verkar som han er klar for neste utfordring i Sverige. Han skal spele mot ein konkurranse i svensk profesjonell liga dei neste par sesongane, og kanskje ser vi han i NHL innan 25/26-sesongen.

«Zucca» åtvarar

Den norske NHL-spelaren i historia Mats Zuccarello speler i Minnesota Wild og har vore på det øvste nivået i ishockey i godt over ti år. Han har følgt godt med på dei to 18-åringane, men åtvarar samtidig for kva som ventar dei.

– Eg prøver å seie til gutane, at éin ting er å bli drafta og vere i det sirkuset, men ein annan ting å komme deg inn i ligaen etter draften. Dei må vise at dei vil meir enn berre å bli drafta. Dei må tenke at dei skal spele og bli ei stjerne der borte, seier Zuccarello og legg til:

– Eg trur gutane skjønner dette, viss ikkje skal eg fortelje dei det. Nå skal dei spele i to gode klubbar i den svenske hockeyligaen (SHL), der det er bra treningskvardag og kultur. Det kjem dei til å få godt utbytte av.

Mats Zuccarello

STJERNE: Mats Zuccarello på padeltrening i Oslo. Til dagleg spelar han i Minnesota Wild. 36-åringen står oppført med 835 kampar i den beste ishockeyligaen i verda, NHL.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Zuccarello kjenner godt til den svenske eliteserien. Han spelte to sesongar i den svenske klubben Modo der han blei kåra til årets nykommar i debutsesongen sin.

I sesongen etter blei han den mest verdifulle spelaren i ligaen før han blei signert av storklubben New York Rangers i 2010.

Sjølv om Brandsegg-Nygård og Solberg blei drafta, skal dei truleg tilbake til Sverige for å spele kommande sesong. Der skal dei tileigne seg meir erfaring før eventuelt NHL-spel.

Publisert 26.07.2024, kl. 16.40 Oppdatert 26.07.2024, kl. 16.50

Read Entire Article