Onsdag kveld blei det klart at Israel og Hamas har blitt einige om ei våpenkvile og ein avtale om frigjeving av gissel.
Det var Qatars statsminister som først kunngjorde avtalen, som seinare blei bekrefta av USAs president Joe Biden.
– I dag, etter fleire månader med intensivt diplomati frå USA, saman med Egypt og Qatar, har Israel og Hamas komme fram til ein våpenkvile- og gisselavtale, sa han.
Avtalen trer i kraft søndag, som er Bidens siste dag som president i USA.
– Denne avtalen vil stanse kampane i Gaza, auke livsviktig humanitær hjelp til palestinske sivile og gjenforeine gislane med familiane sine etter meir enn 15 månader i fangenskap.
Framleis humanitær krise
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er glad for at partane har klart å bli einige. Han seier i ei fråsegn at det no er viktig at alle partar respekterer alle delar av avtalen.
Men sjølv om kampane no truleg stoppar, er det framleis ei humanitær krise på Gazastripa, seier han.
– Gaza er fullstendig øydelagt. Å bygge Gaza opp igjen og gi innbyggarane verdige liv vil vere ei stor utfordring.
Støre takkar spesielt Qatar, Egypt og USA for innsatsen dei har lagt ned for å få i stand avtalen.
Håper på varig løysing
Leiaren for utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Ine Eriksen Søreide (H), meiner det er positivt at Israel og Hamas har blitt einige om ein avtale.
– Dette er ein veg til ein varig fred, men det er ikkje nokon fredsavtale, og no blir det jobba intenst for å få på plass ei varig politisk løysing.
– Trur du våpenkvila vil vare?
– Det må ho, fordi lidingane til dei sivile i Gaza er enorme, og dei familiane som sit igjen i Israel og ventar på livsteikn og det å møte sine kjære igjen, fortener at denne våpenkvila lukkast.
Klare til å hjelpe
Norsk Folkehjelps generalsekretær, Raymond Johansen, seier avtalen gir håp.
– No som våpenkvila er på plass hastar det med å opne grensene og sikre at naudhjelp når fram til over to million menneske i ein desperat situasjon, seier han i ei pressemelding.
Også Redd Barna er klare til å hjelpe barna som har lidd under den 15 månader lange krigen, seier administrerande direktør Inger Ashing i Redd Barna.
– Det er avgjerande at barn over heile Gazastripa får trygg tilgang til denne hjelpa, som må bli avgjort ut frå kva behov dei har, og ikkje «lastebiltak» og vilkårlege restriksjonar på livsviktige varer, seier ho i ei pressemelding.
Store hjelpebehov
Landsansvarleg for Palestina i den humanitære organisasjonen Norwac, Kristil Haraldstad, kallar avtalen for fantastiske nyheiter. Dei har eit helseteam som skal reise inn til Gaza torsdag.
– Det vil påverke arbeidssituasjonen vår masse. Sjukehuset ligg i raud sone, så det har vore vanskeleg for pasientar å komme seg til sjukehuset, seier ho til NRK.
Men sjølv om det skulle bli ein varig våpenkvile, er behovet for hjelp enorme, seier Haraldstad.
– Situasjonen i Gaza er katastrofal. Det at dei no slepper dagleg bombing og at dei får meir hjelp inn, har mykje å seie. Men forholda på Gaza vil vere katastrofale i lang tid framover.
Talsperson for FNs kontor for koordinering av humanitær innsats, Eri Kaneko, seier til Reuters at organisasjonen også står klar til å hjelpe.
– Vi kan levere så mykje som forholda på bakken tillèt, seier ho.
Ho seier FN også er avhengige av at ei rekke hindringar blir fjerna, som restriksjonar på innførsel av varer, manglande tryggleik og mangel på drivstoff.
Trump kallar avtalen episk
Tyrkias utanriksminister Hakan Fidan sa til reporterar i Ankara at våpenkvileavtalen er eit viktig steg mot stabilitet i regionen, melder Reuters.
Fidan sa også at Tyrkia vil halde fram med å jobbe for få til ei tostatsløysing i Midtausten.
USAs påtroppande president Donald Trump var raskt ute på medieplattforma Truth Social og tok æra for våpenkvileavtalen. Han kallar avtalen episk, og at han er eit resultat av valsigeren hans i november.
– Dette sender eit signal til heile verda at administrasjonen min skal skape fred og forhandle fram avtalar som skal sikre tryggleik for alle amerikanarar og våre allierte.
Publisert 15.01.2025, kl. 19.54 Oppdatert 15.01.2025, kl. 20.27