Åkeren flaumar over – risikerer å måtte hauste 300 tonn gulrøter for hand

6 days ago 12



I sommar har problema tårna seg opp for gulrotbøndene på Smøla på Nordmøre. På eit godt år er det rundt 2500 tonn gulrøter i jorda her, men i år kan sesongen regne vekk.

Det har regna meir enn dobbelt så mykje som normalt i juli. 128 millimeter regn er i ferd stikka kjeppar i hjula.

– Det er verste sommar i manns minne, seier gulrotbonde Ole Wegard Gjøstøl Iversen.

Kan tape inntekta

Åkeren til Iversen er planta i ei myr. Vanlegvis gir dette optimale forhold for gulrøter, men i år går alt på tverka. Den søkkvåte åkeren hans toler ikkje vekta av maskiner. Om gulrøtene ikkje blir hausta om to veker, kan dei bli for store.

– Da blir det ei ukurant vare, og kan ikkje seljast som menneskemat. I verste fall får eg ikkje betalt i det heile tatt, seier Iversen.

Trur tida renn ut

Men vêrmeldinga ser ikkje ut til å spele på lag. Han treng varme for at jorda skal tørke, ikkje regn som held jorda fuktig.

Om det ikkje sluttar å regne vurderer han å gjere haustinga av 300 tonn gulrøter for hand. Da må han hyre folk.

– Det er ikkje mogleg å få tak i norsk arbeidskraft. Utanlandske arbeidarar treng visum og eg trur ikkje papirarbeidet vil vere klart i tide.

I tillegg vil det koste meir å løne arbeidsfolk enn å nytte maskiner.

Ole Wegard Gjøstøl Iversen fryktar gulrotavlinga kan bli øydelagt av vatn.

Ole Wegard Gjøstøl Iversen kjemper både mot tida og regnet for å redde avlinga.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Skada gulrøter

Som om det ikkje var nok, er heller ikkje gulrota slik den skal vere. Gulrota er mellom anna kvit på tuppen.

– Det er dårleg for lagringa og det ser ikkje bra ut. Det bekymrar meg, seier Iversen.

Enden på gulrota er kvit. Det skjer når ho blir ståande i vatn.

Gulrota er ikkje optimal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Kan vere dropen

Bondelaget har fått rapportar frå matprodusentar frå vestlandskysten og heilt opp til Finnmark som fortel om mykje regn og trøbbel med avlingane.

– Det som står i jorda no er grunnlaget for produksjonen deira heile året. Det er ikkje tvil om at dette kan få store økonomiske konsekvensar, seier Bodhild Fjelltveit, 2. nestleiar i Norges Bondelag.

– Når det blir så krevjande som dette, og ein samtidig får enda fleire kostnadar som Iversen risikerer, så kan dette fort vere dropen som får begeret til å renne over.

– Gjer alt ein kan

Ole Wegard Gjøstøl Iversen på Smøla har ikkje tenkt å gi opp. I sommar fann han fram bøtter og fekk to til å hjelpe seg med å gjødsle den enorme åkeren for hand.

– Vi har heldt på med åkeren sidan i fjor og brukt mykje tid og energi. Da gjer ein alt ein kan.

Gulrotåkeren til Ole Wegard Gjøstøl Iversen flommar ovar av regnvatn.

Aldri før har det vore så mykje vatn i åkeren som i år.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Read Entire Article