I 2022 vart Agder Energi og Glitre Energi fusjonert. Det nye selskapet fekk namnet Å Energi. Grunngjevinga var synergiar, effektivisering og vekst. Saman med fleirtalet i kommunestyre i Valle var eg imot fusjonen.
Me frykta svakare eigarkontroll og eit selskap som utvikla seg i utakt med eigarane sine ønskjer og behov. To år etter har kritiske spådommar vorte ein realitet.
I fleire lesarinnlegg i september og desember 2024 beskreiv eg eit selskap som ikkje ønskjer innblanding frå eigarane. Samstundes stilte eg konkrete spørsmål til leiinga. Både konsernsjef Syvertsen og kommunikasjonssjef Skau tok pennen fatt, men omgjekk elegant å svare på det eg spurde om.
150 – 200 nye stillingar?
I svaret frå kommunikasjonssjef Skau den 23. desember omtalar han Å Energi som eit selskap med god og open dialog med eigarkommunane. Han skriv at dei med anna var i kommunestyret i Valle den 27. november for «å informere om konsernets aktiviteter, samt svare på spørsmål frå kommunestyret». Det høyrest meir tillitsvekkande ut enn det er grunn til.
Eitt av spørsmåla eg stilte i lesarinnlegga er kor mange nye stillingar dei har oppretta knytt til stabs-og støttefunksjonar. Eg stilte spørsmålet på nytt til representanten frå Å Energi i det omtalte kommunestyremøtet. Han «kunne» ikkje svare, sjølv om spørsmålet vart sendt inn til selskapet på førehand og dei hadde god tid til å førebu seg.
Så langt eg kan sjå er det oppretta 150-200 nye stillingar i det fusjonerte selskapet. Talet er usikkert, men dersom det stemmer har effektiviseringa og synergieffektane det vart tala varmt om i fusjonsprosessen openbart ikkje funne stad.
Tapssluk
Like openbart er det at eigarane ikkje har kontroll på selskapet. I eigarstrategien står det at nye investeringar særleg skal fokuserast «innenfor vannkraft og nettvirksomhet» , at dei skal ha «finansielle sikringsstrategier som uten for høy risiko bidrar til forutsigbarhet i inntjeningen som er grunnlag for utbytteutbetalinger.» og «stort fokus på kostnadseffektivitet» Dette har tydelegvis ikkje leiinga tatt innover seg.
Høgrisikoinvesteringar i Otovo og Morrow har vorte tapssluk. Å Energi har leikt seg med eigaranes og innbyggjaranes pengar i dristige prosjekt. Tapa er allereie store og selskapet har tatt på seg forpliktingar som gjer at dei vil auke.
Investeringa i Morrow er eit tydeleg døme på dårleg eigardialog og manglande eigarforankring. Det heile kom brått på eigarkommunane og dei fekk ikkje ta stilling til dei enorme summane som no er investert. For meg verkar det som selskapet vil halde på med spanande prosjekt i staden for ein måtehalden og fornuftig forvaltning i samsvar med eigarstrategien. Då er det sjølvsagt upraktisk om eigarane bryr seg.
Vindkraftfinta
No vil dei investere igjen. Eit selskap som har tapt og bunde opp store verdiar i tidlegare investeringar burde rette all energi på å få kontroll på og kvitte seg med tapssluka før dei vurderer nye eskapadar.
Det gjer heller ikkje saka betre at dei no vil pumpe pengane inn i eksisterande landbasert vindkraft. I eigarstrategien står det klart og tydeleg at eigarane forventar at Å Energi ikkje skal investere i dette. Men det er verken styret eller leiinga einige i. Difor durar dei fram og ber ordførarane i eigarkommunane om eit ja eller nei til å investere i vindkraft.
Etter min vurdering er dette ein omkamp og ei finte der Å Energi på finurleg vis lokkar ordførarane til uttale seg før saka er handsama av kommunestyra. Så får ein sjølvsagt håpe at ordførarane er vakne nok til å ikkje bite på agnet. Fullmakt til å tillate at selskapet handlar på tvers av eigarstrategien har dei i alle fall ikkje. Det har berre dei formelle eigarorgana.
Har gått glipp av store verdiar
Å Energi har etter mitt skjønn aldri vore nokon god ide. Det gjekk galt allereie før dei starta opp. Gamle Glitre Energi er lokalisert i NO1 og gamle Agder Energi i NO2.
I fusjonsforhandlingane la leiinga i Agder Energi til grunn ein differanse i den samla produksjonen på 5-10 %. Realiteten er noko ganske anna.
Produksjonsmønsteret til N01 og N02 på timenivå syner at den samla verdien av produksjonen i N02 er mykje høgare enn i NO1. For meg verkar det heilt urimeleg at dei ikkje allereie i fusjonsforhandlingane skjønte at differansen dei nytta var for liten. I ettertid kan ein sjølvsagt spekulere i om dette var eit tal leiinga selde inn for å få gjennomført fusjonen eller om det var basert på grundige analyser?
Resultatet er at størrelsen på Agder-kommunane sine eigardelar i det fusjonerte selskapet ikkje samsvarer med produksjonsverdiane dei har tilført. Skal eg tippe har dette gjeve eit utbyttetap på fleire hundre millionar. Om Agder-kommunane vart lurt eller lurte seg sjølv skal stå usagt. Dei har uansett gått glipp av store verdiar.