Mogleg personskade etter ferje støytte inn i kai
Ei ferje på Lavik-Oppedal-sambandet over Sognefjorden har hatt ein hardt samanstøyt med ferjekaia. Det melder 110 Vest. Det er meldt om mogleg skade på to personar ombord, melder Vest politidistrikt klokka 12.15 Ferjesambandet er på E39, som er hovudvegen langs vestlandskysten. Ferja går mellom Høyanger og Gulen. Ferja ligg no til kai. Naudetatane er på veg.
