Fleire eksplosjonar og massiv røyk i Beirut

Nyheitsbyråa AFP og Reuters melder om høge eksplosjonar i Beirut, Libanons hovudstad. Litt før klokka 17 melder det israelske forsvaret på Telegram at dei utfører åtak mot mål i Sør-Libanon. Israel seier dei har retta åtaket mot Hizbollah sin kommandosentral i området Dahieh. Daniel Hagari, talspersonen til IDF, seier hovudkvarteret ligg i eit tettbygd sivilt område. NRKs korrespondent på staden, Yama Wolasmal, stadfestar at det har vore fleire store smell heilt sør i Beirut og at ein kan sjå ei kraftig røyksky i området.

Sep 27, 2024 - 20:00
 0